Vinterleir 2021: Agentleir for 2.-7. klasse – Utsatt

19. - 21. februarAlværa
Velkommen til agentleir på Alværa!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om
arrangementet

Starter
fredag 19. februar 2021
Avsluttes
søndag 21. februar 2021
Sted
Alværa
Aldersgruppe
Barn

Kontaktperson

Helle Leivestad Kartveit
40406050
hellelk@nmsu.no

Leiren er utsatt. Ny dato kommer.
Påmeldingen holdes stengt frem til ny dato er bestemt. 

Er du ein ekte detektiv, hemmeleg agent eller har du berre lyst til å bli med på leir? Då er dette leiren for deg!

Bli med på agentleir og lær å løse mysterier!  På leiren skal vi løyse ulike agentoppdrag, høyre om Paulus og Silas i fengsel, og få vite litt om korleis ekte agentar leiter opp born som ikkje får gå på skule på Madagaskar. Pakk agentkofferten, ta med en ven, og kom på agentleir!

Helle Kartveit er hovudleiar for leiren, og med seg har ho mange flinke ungdommar som vil vere der for deg. Vi gler oss!

Pris
Deltakaravgift: 800 kr.
Pris med sysken (nr. 2 og 3,,) 750 kr.
Medlem i NMSU: 700 kr.
* Medlemskap i NMSU kostar 100 kr. i året

Introduksjonspris: 400 kr.
For born som er på leir med NMSU for fyrste gong

 

Korleis får eg medlemsrabatt?

* Du må ha betalt årets medlemskap i NMSU for å få rabatt på leir.

Vil du bli medlem? Inne på sjølve påmeldinga må du klikke deg inn på «bli medlem». Der betaler du årets medlemskontingent (via ein link til nets). Når kontingenten er betalt går du tilbake og held fram med påmeldinga.

NB: Betaler du ikkje medlemskapet «der og då» vil du inne på påmeldinga få opp at du er medlem, men at du ikkje har betalt medlemskapet for det inneverande året. Det er difor viktig at du betaler medlemskapet med ein gong etter å ha klikka på «bli medlem» for at det skal bli registrert rett.

2 Er du medlem frå før, men har ikkje betalt årets medlemskontingent kan du betale giroen du har fått på SMS eller mail, av NMSU. Medlemsgiroen finn du og under medlem i venstre kolonne inne på min side. Min side finn du ved å gå inn på nmsu.no og opne menyen til høgre.

NB: Dersom du er eksisterande medlem, men har ikkje betalt årets medlemskontingent vil det ta nokre vyrkedagar før medlemskapet er registrert som betalt, etter at det faktisk er betalt. Det kan difor vere lurt å betale den, og gjere sjølve påmeldinga nokre dagar seinare. 

Har du betalt årets medlemskap vert rabatten trekt frå på sluttsummen.

Program

Spørsmål om påmelding

Ta kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516132

Vert du sjuk rett før leir?

Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.

Koronavirus: Er det trygt å dra på leir?

NMSU følgjer myndigheitenes retningslinjer om å gjere ei risikovurdering knyta til kvart enkelt arrangement. I denne vurderinga legg vi til grunn myndigheitenes smittevernsreglar på den aktuelle staden og tidspunkt leiren skal arrangerast. Kvar enkelt leirstad har og eigne retningslinjer for smittevern som er godkjent av kommuneoverlegen lokalt, og alle leiarane får nøye innføring i desse. Vi ynskjer at våre leirer skal vere så trygge som mogleg, og vil avlyse på kort varsel dersom retningslinjer for smittevern ikkje kan overhaldast. Lurer du på noko meir? Ta kontakt med kontaktpersonen på leiren du ynskjer deg til. Kontaktinformasjonen deira finn du inne på påmeldingssida til den aktuelle leiren.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.


Se andre arrangementer

Påskeleir for 2.-5. klasse - Avlyst

Velkommen til påskeleir på Fjelltun!
12. - 14. mars

Påskeleir for 4.-7. klasse - Avlyst

Velkommen til påskeleir på Fjelltun!
19. - 21. mars

Påskeleir for 2.-7. klasse - Avlyst

Velkommen til påskeleir på Furutangen!
26. - 28. mars

Påsketenleir på Camp Sjusjøen - Avlyst

Velkommen til påsketenleir på Camp Sjusjøen!
27. - 31. mars
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk