Camp Kjeldsund 2018

10. - 12. augustKjeldsund
Meld deg på!
Velkommen til Camp Kjeldsund 2018!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om
arrangementet

Starter
fredag 10. august 2018
Avsluttes
søndag 12. august 2018
Sted
Kjeldsund
Aldersgruppe
Familier
Meld deg på her!

Kontaktperson

Bjørg Marie Myhre
40406065
bjorgm@nmsu.no

Velkommen til Camp Kjeldsund! Det blir ei fantastisk avslutning på sommarferien, med mellom anna leik, aktivitetar, lovsongskveld, bibeltime og leirfest på programmet!

Temaet for leiren er DEL!, og vi skal bli inspirert til å dele meir i kvardagen. Camp Kjeldsund går av stabelen 10.-12.august 2018.

AKTIVITETAR
Det blir aktivitetar for heile familien på leiren: Gokart, vikingtelt, volleyball, trampoline, leikehytte og meir. Forholda ligg godt til rette for både kanotur, båttur og bading – og ein kopp kaffi med gamle og nye kjente er heller ikkje feil!

Det blir misjonstivoli og underholdande konkurransar for store og små i Battle of Kjeldsund. Påmelding til aktivitetar og lagkonkurranse gjerast ved ankomst.

LEIR FOR ALLE
Camp Kjeldsund er leir for alle der born, unge og vaksne har kjekke dagar i lag på Kjeldsund leirstad på Sunnmøre. Born under 13 år må reise saman med ein vaksen. Overnatting skjer i telt, campingvogn, båt, soverom eller hytte.

Program blir sendt ut i leirbrevet i starten av august, men det vil kome drypp frå programmet på Facebook-arrangementet.

PRISAR
Barn 0-4 år: gratis
Barn 5-12 år: 560,-
Ungdom 13-17 år: 690,-
Vaksne: 990,-

For familiar med fleire born er det 100kr i søskenrabatt frå og med barn nummer 2 i påmeldinga.

Ved påmelding etter 1.juli aukar prisen med 100,- per person.

I tillegg betalar ein for overnatting:
Soverom (2-4 senger, vask sjølv): 400,-
Soverom (2-4 senger, inkl. vasking): 550,-
Campingvogn/bubil: 150,-
Båt: 150,-
Hytte (6-8 senger, vask sjølv): 600,-
Hytte (6-8 senger, inkl. vasking): 900,-
Telt: gratis

Leige av sengesett kostar 100,-

Spørsmål om påmelding?
Ta kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516132

PS: VIPPS er for tiden ute av drift som betalingsmetode på våre arrangement. Vennligst ikke bruk VIPPS ved betaling.


Se andre arrangementer

Krepse- og vannleir for 5.-8. klasse

Velkommen til krepse- og vannleir på Solsetra!
6. - 9. august

Camp Kjeldsund 2018

Velkommen til Camp Kjeldsund 2018!
10. - 12. august

Globusagentleir for 2.-4. klasse

Velkommen til Globusagentleir på Stenbekk!
16. - 17. august

Høstleir for 2.-7. klasse

Velkommen til høstleir på Himmel & Hav!
31. aug -2. sep
Expand Lukk Søk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro