Fakta om arrangementet
søndag 8. oktober 2023
tirsdag 10. oktober 2023
fredag 29. september 2023
Kjeldsund
Tweens
Kontaktperson
8. oktober startar verdshistoria sin fyrste fugleleir på Kjeldsund! Og vi håpar at du vil vere med!
På leiren vil du få ta del i ringmerking av fuglar, og er du heldig får du også moglegheita til å halde og sleppe fri ein ekte vill fugl. Det vil og bli mykje fuglerelatert aktivitetar som fuglekassesnekring, fuglematlaging og kanskje får du lage øyrepynt av ekte fuglefjør!
Fugleleir er som ein vanleg leir, berre at mykje av aktivitetane dreiar seg om fuglar. Vi skal og ha kjekke leiraktivitetar som misjonstivoli, kiosk, morokveld, kveldssamlingar, leiking, bli-kjent-kveld og bibelsamlingar. Så det er berre å glede seg!
På bibelsamlingane skal vi høyre ulike bibeforteljingar om tilgjeving. Misjonsprosjektet på leiren har tema «plass i felleskapet», og akkurat som flyttfuglane skal vi litt lenger sør på kontinentet; nemleg til Frankrike! Meir om prosjektet kan du lese på https://nmsu.no/plassifellesskapet/
Vi gler oss og håpar å sjå deg på fugleleir i haustferien!
Leirhelsing frå
Ragnhild og Trygve
Fugleleirleiarar
Pris
Ordinærpris: 1250 kr.
Medlem i NMSU: 1050 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
Introduksjonspris: 940 kr.
For born som er på leir med NMSU for fyrste gong
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
Program
Søndag
17:00-18:00 Innkvartering
18:30 Kveldsmat
19:30 Bli kjent kveld
21:30 Kveldssamling
Mandag
07:00 Frivillig fuglefangst
08:00 Vekking
08:20 Flaggheis
08:30 Frukost
10:00 Bibeltime
11:30 Matpakke + Aktivitetar
15:00 Middag på bål
Kiosk
17:30 Uteaktivitetar
19:00 Kveldsmat
20:00 Leirkveld
21:30 Refleksvandring og Kveldssamling ved bålet
Tysdag
07:30 Frivillig fuglefangst
08:30 Vekking
08:50 Flaggheis
09:00 Frukost
10:00 Bibeltime
11:30 Pakk og rydd
12:30 Matpakkelunsj
13:30 Misjonstime og misjonstivoli
16:00 Middag
17:00 Avslutningsmøte
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).
NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.
5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.
No er du påmeldt.
Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
____________________________________________________________________________________________
Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande medlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Medlemskapen må vera betalt for at du skal få rabatten. Har du ikkje ein betalt medlemskap i NMSU vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».
Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Du kan også senda ein e-post til nmsu@nmsu.no og be om å få tilsendt årets medlemsgiro, og betala han. Om du ber om å få medlemsgiro tilsendt vil det ta nokre virkedagar frå du har betalt til betalinga av medlemskapen er registrert, og du får rabatten.
2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.
__________________________________________________________________________________
Vert du sjuk rett før leir?
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.
Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.