juleverkstadleir – Born 5-10 år i følgje med vaksne

2. - 3. desemberKjeldsund
Meld deg på!
Velkommen til juleverkstadleir på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
lørdag 2. desember 2023
Avsluttes
søndag 3. desember 2023
Sted
Kjeldsund
Aldersgruppe
Barn
Meld deg på her!

Kontaktperson

Brita Petrin Kvalsvik
britapk@nmsu.no

Kom saman for ei koseleg førjulshelg på Kjeldsund!
På juleverkstads leir skal vi lage julegåver og anna julepynt! Sette fokus på det som er større onn oss sjølve og bygge nye vennskap!
Målgruppa er barn i alderen ca 5-10år i følgje med vaksne. Kom saman med foreldre, besteforeldre, onkel eller gå saman vennegjengen og ta med ein føresett! Dette er ein super leir for deg som ønsker å verte betre kjent med Kjeldsund og NMSU-Leir!
Saman med engasjerte ungdomsleiarar skapar vi juleminner for livet! Bli med du også!

Deltakarbrev med meir info blir sendt ut ca 1 veke før leir.

Pris
Born: 800 kr.
Medlem i NMSU: 600 kr. (for barn)
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
Vaksen: 800 kr.

Introduksjonspris: 600 kr.
For born som er på leir med NMSU for fyrste gong (kun for born)

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Program

Kjem

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.

1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig trykkjar du meld på.
4 – No kan du gå til betaling eller halda fram med å melda på fleire.

NB: På dette stadiet i påmeldinga er deltakarane berre «gått i gang med». Deltakarane er endeleg påmelde når du anten har betalt, eller valt faktura på e-post.

5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

______________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande medlem i NMSU for å få rabatten.

1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Medlemskapen må vera betalt for at du skal få rabatten. Har du ikkje ein betalt medlemskap i NMSU vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Du kan også senda ein e-post til nmsu@nmsu.no og be om å få tilsendt årets medlemsgiro, og betala han. Om du ber om å få medlemsgiro tilsendt vil det ta nokre virkedagar frå du har betalt til betalinga av medlemskapen er registrert, og du får rabatten.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

__________________________________________________________________________________

Vert du sjuk rett før leir?
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Fugleleir for 5.-7. klasse

Velkommen til fugleleir på Kjeldsund!
8. - 10. oktober

Agentleir for 2.-7. klasse

Velkommen til agentleir på Alværa!
9. - 11. oktober

Tweensleir høstferie for 5.-8. klasse - Leiren er full

Velkommen til tweensleir høstferie på Mjuklia!
9. - 11. oktober

Høstleir for tweens, 5.-7. klasse

Velkommen til høstleir for tweens på Furutangen!
9. - 12. oktober
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk