Leirdag 4. juli – på Alværa for barn og voksne

4. juli 2020Alværa
Velkommen på leirdag for barn og vaksne på Alværa 4. juli kl. 11- 16
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om
arrangementet

Starter
lørdag 4. juli 2020
Sted
Alværa
Aldersgruppe
Familier

Vi har lyst til å arrangere ein leirdag for barn og vaksne på Alværa 4. juli kl. 11- 16! Her er det moglegheit for å ta med barna og vere saman med oss. I løpet av dagen blir det litt fellesstund med song og andakt, samt ulike aktivitetar for store og små barn, og i tillegg blir det grilling. Grunna smittvern held vi oss hovudsakeleg på uteområdet, men det vil vere mogleg å bevege seg inn i huset om nødvendig (feks ved toalettbesøk eller kiosk). Det er valgfritt å vere med på aktivitetane og desse består blant anna av maling på stein, spikking, misjonstivoli, barkebåt laging, krabbejakt, bading og bingo der ein kan vinne gevinstar.

Vi er både vaksne og ungdomsleiarar som står for aktivitetane, men set stor pris på om foreldre kan hjelpe til ved behov. Det vil altså bli grilling, samt servering av vatn, kaffi og frukt i løpet av dagen.

Vi oppmodar foreldre å vere tilstede denne dagen, slik at vi kan opprettehalde smittevern reglar på best mogleg måte.
Vi har nokre stolar på misjonssenteret, men vi anbefaler å ta med campingstolar eller sitjeunderlag, evt. badeklede om ein vil bade il.a dagen. Hugs å smøre godt og å ta med solkrem!

 

INFORMASJON OM PÅMELDING OG BETALING:

Pris for arrangementet (inkl. matserverservering) er 125 kr pr. pers. Familiepris er 400 kr. Betaling tar vi gjennom vipps på arrangementet.

Påmeldingsfrist er tysdag 30. juni, hugs å oppgi kontaktinfo: namn på alle vaksne og barn som skal delta, nummer, adresse og epost. OBS: Vi har maks antall 40 personar!

Påmelding sendast til epost: elisabeth.sowerby@hotmail.com


Se andre arrangementer

Familiedag på Furutangen

Velkommen til Familiedag på Furutangen!
11. juli 2020

Sommercamp på Mjuklia for familier

Velkommen til Sommercamp på Mjuklia!
16. - 19. juli

Vann- og krepseleir for 5.-7. klasse

Velkommen til vann- og krepseleir for deg som er ferdig med 4.-7. klasse
5. - 8. august

Camp Kjeldsund - Avlyst

Velkommen til Camp Kjeldsund!
7. - 9. august
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro