Minileir – Avlyst

23. - 24. aprilKjeldsund
Velkommen til minileir på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
lørdag 23. april 2022
Avsluttes
søndag 24. april 2022
Sted
Kjeldsund
Aldersgruppe
Barn

Lyst til å bli med på eit leirdøgn for små og store på Kjeldsund? La barna verte kjent med leirkonseptet før dei reiser åleine på leir? Moglegheit for dei vaksne til å ta ein kaffi medan borna leikar.  Ja, takk! VELKOMMEN på MINILEIR på Kjeldsund 23.-24.april!

Dette er ein leir for barn frå 5-10 år i følgje med ein vaksen. Det vert aktivitetar, samlingar, leik, misjonsfokus og god tid til å vere saman både små og store! På søndagen er naboar, slekt, vener og andre inviterte til ein Familiedag på Kjeldsund med misjonstivoli, misjonsfest, grillmat og NMS områdestemne for dei som ynskjer å delta på det. Velkomen til eit kjekt leirdøgn med aktivitet, samlingar, leik, misjon og tid saman både små og store!

Deltakarbrev med program og meir onformasjon sendast ut ca ei veke før leir.

Ta med deg vener, tante, onkel, besteforeldre, foreldre eller andre og ta turen på Kjeldsund denne helga! Vi gler oss masse til leir og håpar å sjå DEG der!

Følg oss gjerne på sosiale medier for å følgje med på kva som skjer framover.

Hovudleiar på leiren er Ragnhild Danbolt Øygard.

Pris
Born: 550 kr.
Medlem i NMSU: 450 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 100 kr. i året
Vaksen: 650 kr.

Introduksjonspris: 275 kr.
For born som er på leir med NMSU for fyrste gong

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born, ungdom og familiar skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Program

Laurdag
12:00     Innkvartering
13.00    Lunsj
14.00    Bli kjent samling
15.00    Vi lager akvarium
16.00    Bibeltime – tema: Jona
17.00    Middag
18.30    Morokveld
Ca. 20.00  Kveldssamling for borna (med mat)
Kaffi og noko å bite i for dei vaksne
Ca. 21.30  Ord for kvelden for dei vaksne

Søndag
08.00    Vekking
08.30    Frukost
09.30     Skattejakt i naturen
10.30    Avreise Leikanger Kyrkje
11.00    Familiegudsteneste med fokus på misjon i Leikanger kyrkje
13.00     Misjonstivoli på Kjeldsund m/matservering
15.00     Misjonsfest
Heimreise

Ofte stilte spørsmål

Korleis meld eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øverst på denne siden.

Trenger du hjelp til å forstå påmeldingen? Gå gjennom punktene under for detaljert beskrivelse av hvordan du melder deg på.

1 – Klikke på «Meld deg på her»-knappen i den grønne firkanten oppe til høyre.

2 – Logg inn på min side
Logg deg på med den brukeren du allerede har (med mobilnummeret du registrerte deg med forrige gang du var på leir i NMSU). Husker du ikke passordet trykker du glemt passord. Har du ikke vært på leir i NMSU før trykker du ny bruker og registrerer personalia

3  – Inne på min side får du opp et arrangementsbilde. Under bilde viser en grønn knapp «Videre til påmelding». Trykk der.

4 – Da får du opp et bilde: Påmeldingen gjelder: «meg» eller «andre». Trykk på ditt valg. Velger du meg er personalia ferdig utfylt – trykk da lagre og du kommer rett til påmeldingskjema. Velger du andre må du fylle inn personalia og trykk lagre.

5 – Fylle ut påmeldingsskjema med dine valg. Når du er ferdig trykker du lagre.

6 – Nå kan du gå til betaling eller fortsette å melde på flere.

7 – Går du til betaling får du to valg: Kort eller e-post. Velg det som passer deg.

8 – Få bekreftelsesmail.

Du må fullføre påmeldingen for å være endelig påmeldt. Fullfører du ikke påmeldingen forsvinner påmeldingen innen 30 minutter.

Har du fortsatt spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

_________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatt?
Du må ha betalt årets medlemskap i NMSU for å få rabatt på leir.

1 Vil du bli medlem? Inne på sjølve påmeldinga må du klikke deg inn på «bli medlem». Der betaler du årets medlemskontingent (via ein link til nets). Når kontingenten er betalt går du tilbake og held fram med påmeldinga.

NB: Betaler du ikkje medlemskapet «der og då» vil du inne på påmeldinga få opp at du er medlem, men at du ikkje har betalt medlemskapet for det inneverande året. Det er difor viktig at du betaler medlemskapet med ein gong etter å ha klikka på «bli medlem» for at det skal bli registrert rett.

2 Er du medlem frå før, men har ikkje betalt årets medlemskontingent kan du betale giroen du har fått på SMS eller mail, av NMSU. Medlemsgiroen finn du og under medlem i venstre kolonne inne på min side. Min side finn du ved å gå inn på nmsu.no og opne menyen til høgre.

NB: Dersom du er eksisterande medlem, men har ikkje betalt årets medlemskontingent vil det ta nokre vyrkedagar før medlemskapet er registrert som betalt, etter at det faktisk er betalt. Det kan difor vere lurt å betale den, og gjere sjølve påmeldinga nokre dagar seinare. 

3 Har du betalt årets medlemskap vert rabatten trekt frå på sluttsummen.

__________________________________________________________________________________

Vert du sjuk rett før leir?
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.


Se andre arrangementer

Camp Kjeldsund 2022

Velkommen til Camp Kjeldsund!
12. - 14. august

Informasjon om konfirmanthelg på Stenbekk leirsted

Lag en konfirmantleir sammen med oss!
19. - 21. august

Høstleir for 5.-8. klasse

Velkommen til høstleir på Tømmernset!
2. - 4. september

Tenleir

Velkommen til tenleir på Furutangen!
9. - 11. september
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk