Sommarleir for 2.-7. klasse

25. - 27. juniAlværa Kyrkje- og misjonssenter
Meld deg på!
Velkommen til sommarleir for 2.-7.- klasse på Alværa!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
tirsdag 25. juni 2024
Avsluttes
torsdag 27. juni 2024
Sted
Alværa Kyrkje- og misjonssenter
Aldersgruppe
Barn
Meld deg på her!

Kontaktperson

Helle Leivestad Kartveit
40 40 60 50
hellelk@nmsu.no

Sommar på Alværa er herlig! I badebukten kan vi bade og fiske etter krabber. Inne og ute leikar vi og speler mykje forskjellig, som trampoline, spele ballspel, skyte med pil og boge og mykje anna. På samlingane høyrer vi om Jesus blir vi kjend med Madagaskar og korleis dei lever der.

Hovudleiar er Helle Kartveit og med seg har ho kjekke leiarar som vil gjere leiren til ein flott sommar-oppleving. Velkommen til dagar med leik, moro og nye og gamle vener!

Har du spørsmål kan du ta kontakt med hovedleder Helle Kartveit på hellelk@nmsu.no   tlf: 40 40 60 50

Pris
Ordinærpris: 1050 kr.
Medlem i NMSU: 850 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Program

Kjem

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).

NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.

5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

______________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera medlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.


Se andre arrangementer

Vår og knøtteleir

Velkommen til vår- og knøtteleir på Mjuklia leirsted og gjestegård!
26. - 28. april

Tweensleir (5.-6. klasse) på Åpta, 27.-28. april

Velkommen til tweensleir på Åpta leirsted!
27. - 28. april

Lederdøgn på Fjordglimt

Velkommen til lederdøgn på Fjordglimt!
27. - 28. april

Knøtteleir for barn 3-10 år med følge

Velkommen til knøtteleir på Furutangen leirsted!
25. - 26. mai
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk