Vinterferieleir for 2.-4. klasse

22. - 24. februarKjeldsund
Meld deg på!
Velkommen til vinterferieleir på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
onsdag 22. februar 2023
Avsluttes
fredag 24. februar 2023
Sted
Kjeldsund
Aldersgruppe
Barn
Meld deg på her!

Kontaktperson

Brita Petrin Kvalsvik
britapk@nmsu.no

Velkommen på leir! På leir får du bli kjent med andre barn frå distriktet, kanskje blir du betre kjent med nokon frå parallellklassa? Eller frå ein heilt anna skule! Vi knytter nye vennskap, lærer meir om Jesus og om misjon. På leiren har vi med trygge og engasjerte vaksne og ungdomsleiarar som gler seg til å bli kjent med deg! Er du gira på nye vennskap, koselege samlingar, spennande konkurransar og meiningsfulle møter?

Då er leir noko for deg! Meld deg på da vell!

Deltakarbrev med meir informasjon blir sendt ut ca. ei veke før leiren.

Pris
Deltakeravgift: 1250 kr.
Medlem i NMSU: 1050 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

Introduksjonspris: 625 kr.
For born som er på leir med NMSU for fyrste gong

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Program

Kjem

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).

NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.

5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

_________________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera medlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

__________________________________________________________________________________

Vert du sjuk rett før leir?
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.

 

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Vinterleir for 2.-7. klasse

Velkommen til vinterleir på Alværa!
17. - 19. februar

Vinterferieleir for 5.-7. klasse

Velkommen til vinterferieleir på Kjeldsund!
19. - 21. februar

Tweensleir vinterferie for 5.-8. klasse

Velkommen til tweensleir i vinterferien på Mjuklia!
20. - 22. februar

Leiardøgn for 7. klasse og oppover

Velkommen til leiardøgn på Kjeldsund!
21. - 22. februar
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk