Vinterleir for 2.-7. klasse
Fakta om arrangementet
fredag 17. februar 2023
søndag 19. februar 2023
torsdag 16. februar 2023
Alværa
Barn
Kontaktperson
Velkommen til innholdsrike dagar på Alværa, der vi skal leike, bli kjende med nye vener, treffe gamle vener, lære om korleis vi kan vere glade for det vi har og dele det videre!
Silje fra DeleVloggen bur i Frankrike i år. Ho sender oss informasjon om korleis dei har leir der, og om kyrkja og landet. Vi har dessutan konkurranser inne og ute, griller i bålpanna, hobbyaktivitetar og mykje gøy og moro!
Helle Kartveit blir hovedleiar den helgen og med seg har ho fleire vaksne og ungdommar som vil lage ei kjempeflott oppleving for de som blir med. Meld deg på i dag og få med ein ven!
Pris
Ordinærpris: 950 kr.
Medlem i NMSU: 750 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
Introduksjonspris: 475 kr.
For born som er på leir med NMSU for fyrste gong
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
Program
Fredag
Kvelds
Leirkveld – leikar for å bli kjende med kvarandre
Kveldsavslutning
Alle går på romma
Laurdag
Frukost v/ ord for dagen
Bibelsamling
Aktivitetar inne og ute – Fellesleikar, maling, forming, ballspel osv.
Middag
Kiosk
Aktivitetar ute og inne fortsett
Bålpanna er i bruk!
Misjonssamling med konkurransar (Misjonstivoli)
Varm kvelds
Leirkveld med leikar og sketsjar!
Kveldsavslutning
Søndag
Frukost m/ord for dagen
Gudstenesteverkstad – vi bruker kreativitet til å lage ein gudsteneste
Postløype og evt. andre aktivitetar
Rydde, tømme og koste rom
Middag – foreldre/familie er invitert
Leirgudsteneste – som vi har førebudd ilag
Heimreise
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).
NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.
5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.
No er du påmeldt.
Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
_________________________________________________________________________________________________
Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera medlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».
Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.
2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.
__________________________________________________________________________________
Vert du sjuk rett før leir?
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.