Lederboost! for 8. klasse til 3. vgs

17. - 18. februarKjeldsund leirstad og gjestegard
Meld deg på!
Velkommen til lederboost! på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
tirsdag 17. februar 2026
Avsluttes
onsdag 18. februar 2026
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Ungdom
Meld deg på her!

Kontaktperson

Hilde Lervik Langås
hildell@nmsu.no

Velkommen til Ledarboost! på Kjeldsund!
Har du lyst til å vere med som leiar på leir i vinterferien? Då er dette for deg!

Mellom barneleirane samlar vi ungdomsleiarane frå begge leirane til eit kjekt sosialt døgn! Det blir høg kosefaktor, gode samtalar, matlaging, kreativ leirworkshop, stjernestund, snacks og masse hygge – ein skikkeleg boost for deg som leiar!

Vil du vere med og gjere leirane endå betre, samtidig som du får nye vener og gode minner?

Pris
Dekker mat og litt snacks.

Ordinærpris: 400 kr
Enkeltmedlem i NMSU: 250 kr

Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

Er du ikkje medlem sjekk ut alle fordelane her: https://nmsu.no/bli-medlem/

Program

(Vi tilpassar programmet i lag)

Tirsdag
15:30  Ledarboost! – Start
16:00 Chilletid
Spel, prat og litt mat
17:00  Kreativ leirworkshop
18:30  Vi lagar og et pizza
21:00 Chilletid
Spel, prat og snacks
23:00  Stjernestund
Kveldssamling

Onsdag
10:00  Vekking
11:00   Frukost
12:00 Morgonsamling
13:00  Sosial uteaktivitet
15:00  Ledarboost! – Slutt

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.

1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.

2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.

3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du to val.

3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på «Gå til betaling»
3.2 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same to vala:
–  «+ legg til deltakar», «meld på» – Vel det som passar for deg.

4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.

5 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

____________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande enkeltmedlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet.

I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Tenleir for 8. klasse og oppover

Velkommen til tenleir på Alværa!
9. - 11. januar

Vinterleir for 2.-7. klasse

Velkommen til vinterleir på Alværa!
6. - 8. februar

Lederhelg for 7. klasse og oppover

Velkommen til lederhelg på Furutangen!💡
6. - 8. februar

Tweensleir - Vinter

Velkommen til tweensleir - vinter på Kjeldsund!
15. - 17. februar
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link