Innlegg 2/24 – Thailand 🇹🇭

GLOBALE GLIMT //Mai 2024 - Å læra seg eit helt nytt språk!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake
Bilde

Språkskule i Thailand

Når ein arbeider som misjonær i utlandet er det aller fyrste ein bruker tid på; å lære seg det språket som vert brukt der ein skal arbeide. I Thailand bør ein lære seg ein god del thai. Det er en del menneske som kan bruke litt engelsk her, men thai er framleis det språket som brukast i kvardagen og i samband med arbeid.

Eg har no gått på språkskule i 100% sidan oktober i fjor. Det er veldig spanande å lære eit språk som er så annleis frå norsk eller engelsk. På språkskulen har me ulike modular kvar månad. Dei fyrste tre månadane lærte me grunnleggjande snakking, og seinare vil me lære om ulike spesielle tema, men akkurat no har me kome til det som er spesielt kjekt med thai. Nemleg skriftspråket! Det er kjempespanande å lære seg eit nytt skriftspråk!

 

Thai  – et annleis språk

Thai har veldig mange fleire bokstavar enn norsk, og dei brukar dei heilt annleis. Thai har 44 konsonantar og 32 vokalar. Til saman 76 ulike teikn for bokstavar. Nokre av bokstavane liknar på dei norske i korleis du seier dei, men nokon er heilt annleis frå dei norske bokstavane. Og bokstavane ser sånn ut:

Bilde

Språkskule er noko av det kjekkaste eg vært med på. Det er utfordrande, men på ein kjekk måte, eg har fått fleire gode vener frå mange ulike land her, og me har veldig flinke, snille og morosame lærarar. Dei er flinke på å få oss til å snakke på thai, og dei likar å ha det kjekt saman med oss studentar.

Misjon på språkskulen

Eg har tenkt fleire gonger på korleis det å gå på språkskule eit heilt år kanskje ikkje kjennast heilt som misjonsarbeid sånn som eg har tenkt på misjon før. Men så tenkte eg at NMSU sin måte å tenke på misjon passer veldig godt her. NMSU seier at misjon handlar om å dela tru, tid, ting og talent. Og det stemmer jo! På språkskulen delar eg masse tid med klassevener og lærarar. Nokre gonger får eg og moglegheit til å dela tru med dei eg går på skule med som ikkje har høyrt om Jesus før. I tillegg så har eg tenkt på at det å dela talent ikkje berre handlar om å dele eit talent der du allereie er kjempeflink. Kanskje det og kan handla om å dele ei interesse for å lære seg eit nytt talent? Og når eg forhåpentlegvis har lært meg det nye talentet – å snakke thai, så kan eg bruke det talentet til å dele meir tru, tid, ting og talent med andre.

 

Bilde

Kan du noen flere språk enn norsk, som du har lært på skolen eller selv, eller kanskje fra noen i familien? Var det vanskelig å lære det? Har du lyst å lære flere språk? Hvilke språk har du mest lyst å lære, og hvorfor akkurat det språket?

Aktivitet: Lær Thai!

Her er noen ord du kan lære deg:

Venn – เพื่อน – uttales: phüan

Dele – แบ่ง – uttales: Bæng

Jesus – พระเยซู – uttales Phra jesuu (kan også bare si Jesuu)

Thailand – เมืองไทย – uttales: Muang thai

Kjærlighet/Å elske – รัก – uttales: Rak

 

Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk