Innlegg 2/24 – Thailand đŸ‡č🇭

GLOBALE GLIMT //Mai 2024 - Å lĂŠra seg eit helt nytt sprĂ„k!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake
Bilde

SprÄkskule i Thailand

NÄr ein arbeider som misjonÊr i utlandet er det aller fyrste ein bruker tid pÄ; Ä lÊre seg det sprÄket som vert brukt der ein skal arbeide. I Thailand bÞr ein lÊre seg ein god del thai. Det er en del menneske som kan bruke litt engelsk her, men thai er framleis det sprÄket som brukast i kvardagen og i samband med arbeid.

Eg har no gÄtt pÄ sprÄkskule i 100% sidan oktober i fjor. Det er veldig spanande Ä lÊre eit sprÄk som er sÄ annleis frÄ norsk eller engelsk. PÄ sprÄkskulen har me ulike modular kvar mÄnad. Dei fyrste tre mÄnadane lÊrte me grunnleggjande snakking, og seinare vil me lÊre om ulike spesielle tema, men akkurat no har me kome til det som er spesielt kjekt med thai. Nemleg skriftsprÄket! Det er kjempespanande Ä lÊre seg eit nytt skriftsprÄk!

 

Thai  – et annleis sprĂ„k

Thai har veldig mange fleire bokstavar enn norsk, og dei brukar dei heilt annleis. Thai har 44 konsonantar og 32 vokalar. Til saman 76 ulike teikn for bokstavar. Nokre av bokstavane liknar pÄ dei norske i korleis du seier dei, men nokon er heilt annleis frÄ dei norske bokstavane. Og bokstavane ser sÄnn ut:

Bilde

SprÄkskule er noko av det kjekkaste eg vÊrt med pÄ. Det er utfordrande, men pÄ ein kjekk mÄte, eg har fÄtt fleire gode vener frÄ mange ulike land her, og me har veldig flinke, snille og morosame lÊrarar. Dei er flinke pÄ Ä fÄ oss til Ä snakke pÄ thai, og dei likar Ä ha det kjekt saman med oss studentar.

Misjon pÄ sprÄkskulen

Eg har tenkt fleire gonger pĂ„ korleis det Ă„ gĂ„ pĂ„ sprĂ„kskule eit heilt Ă„r kanskje ikkje kjennast heilt som misjonsarbeid sĂ„nn som eg har tenkt pĂ„ misjon fĂžr. Men sĂ„ tenkte eg at NMSU sin mĂ„te Ă„ tenke pĂ„ misjon passer veldig godt her. NMSU seier at misjon handlar om Ă„ dela tru, tid, ting og talent. Og det stemmer jo! PĂ„ sprĂ„kskulen delar eg masse tid med klassevener og lĂŠrarar. Nokre gonger fĂ„r eg og moglegheit til Ă„ dela tru med dei eg gĂ„r pĂ„ skule med som ikkje har hĂžyrt om Jesus fĂžr. I tillegg sĂ„ har eg tenkt pĂ„ at det Ă„ dela talent ikkje berre handlar om Ă„ dele eit talent der du allereie er kjempeflink. Kanskje det og kan handla om Ă„ dele ei interesse for Ă„ lĂŠre seg eit nytt talent? Og nĂ„r eg forhĂ„pentlegvis har lĂŠrt meg det nye talentet – Ă„ snakke thai, sĂ„ kan eg bruke det talentet til Ă„ dele meir tru, tid, ting og talent med andre.

 

Bilde

Kan du noen flere sprÄk enn norsk, som du har lÊrt pÄ skolen eller selv, eller kanskje fra noen i familien? Var det vanskelig Ä lÊre det? Har du lyst Ä lÊre flere sprÄk? Hvilke sprÄk har du mest lyst Ä lÊre, og hvorfor akkurat det sprÄket?

Aktivitet: LĂŠr Thai!

Her er noen ord du kan lĂŠre deg:

Venn – àč€àžžàž·àčˆàž­àž™ – uttales: phĂŒan

Dele – àčàžšàčˆàž‡ – uttales: BĂŠng

Jesus – àžžàžŁàž°àč€àžąàž‹àžč – uttales Phra jesuu (kan ogsĂ„ bare si Jesuu)

Thailand – àč€àžĄàž·àž­àž‡àč„àž—àžą – uttales: Muang thai

KjĂŠrlighet/Å elske – àžŁàž±àž – uttales: Rak

 

Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk