Fakta om arrangementet
fredag 13. juni 2025
søndag 15. juni 2025
tirsdag 10. juni 2025
Alværa Kyrkje- og misjonssenter
Familier
Kontaktperson
Me ønskjer at familieleiren skal vera ein god stad å vera både for små og store.
Alle aktivitetane og samlingane er lagde opp slik at me er saman om det meste; forkynning, leik, måltid og sosialt felleskap.
Pris
Vaksen (fra 15 år): 1400 kr.
Ungdom (4-14 år): 800 kr.
Born (0-4 år): Gratis
Makspris familie: 4000 kr.
* «Makspris familie» gjeld berre familiar der alle ligg på same rom (maks 5 senger på rommet). Vedkommande som skal betala for familien vel då «Makspris familie». Familiemedlemmer vel då «Deltakelse betalt av makspris familie». Valet av «Deltakelse betalt av makspris familie» føreset at ein i familien har betalt «Makspris familie».
Program
Fredag
Kvelds
Leirkveld – leikar for å bli kjende med kvarandre
Kveldsavslutning
Alle går på romma
Laurdag
Frukost v/ ord for dagen
Bibelsamling
Aktivitetar inne og ute – Fellesleikar, maling, forming, ballspel osv.
Middag
Kiosk
Aktivitetar ute og inne fortsett
Bålpanna er i bruk!
Misjonssamling med konkurransar (Misjonstivoli)
Varm kvelds
Leirkveld med leikar og sketsjar!
Kveldsavslutning
Søndag
Frukost m/ord for dagen
Gudstenesteverkstad – vi bruker kreativitet til å lage ein gudsteneste
Postløype og evt. andre aktivitetar
Rydde, tømme og koste rom
Middag
Leirgudsteneste – som vi har førebudd ilag
Heimreise
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du tre val.
3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på “Gå til betaling”
3.2 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmelding) og betala med faktura trykkjer ein «Betal med faktura»
3.3 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same tre vala:
– «+ legg til deltakar», «Betal med faktura», «meld på» – Vel det som passar for deg.
4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort eller vel faktura). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.
5 – Få stadfestingse-post.
No er du påmeldt.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
____________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.