Tweensleir – Haust

3. - 5. oktoberKjeldsund leirstad og gjestegard
Meld deg på!
Velkommen til tweensleir haust på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
lørdag 3. oktober 2026
Avsluttes
mandag 5. oktober 2026
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Tweens
Meld deg på her!

Kom og bli med på leir i haustferien!
Målgruppe: 5.-7. klasse

Ny tweensleir på Kjeldsund nærmar seg!

Det blir ein superkjekk leir med mykje på programmet!
Gled deg til kjekke dagar med konkurranser, leirfest, kano, misjon, misjonstivoli, dansing, sang, leik, Jesus og misjon!

Tweensleiren er for deg som går i 5.-7. klasse.

Kjenner du nokon som aldri har vore på leir? Inviter dei med!
Ta med deg vennegjengen og meld deg på!

Ingebjørg og Anita, våre mest rutinerte leirleiarar, blir hovudleiarar på leiren.

Har du spørsmål i forkant av leiren, kontakt Hilde Lervik Langås
Leirbrev vil bli sendt ut ca. ei veke før leiren

Vi gler oss til å sjå deg på Kjeldsund!

Pris
Deltakaravgift: Ordinær:  1700 kr.
Deltakaravgift: Er enkeltmedlem i NMSU: 1500 kr.
Deltakaravgift: Vil bli enkeltmedlem: 1550 kr.

Billettavgift på 20 kr. pr. person kjem i tillegg

Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

«Englevakt» 
På kveldane har leiarane møte, så om det er nokon foreldre som kan tenke seg å vere «englevakt» så meld gjerne i frå til Hilde (mob. 951 11 821).
Englevaktas oppgåve er å sitje vakt i gangane utanfor romma på dei ulike bygga og sørge for at der er ro (og evt gi beskjed om til leiarane om det skulle vere noko).
Og om der er nokon som treng ei mor eller ein far på kvelden kan det vere fint å melde seg som englevakt. 

Medlemskap

Me har nyleg bytta leirpåmeldingssystem. I den anleding er det no ei lita endring om ein vel pris med enkeltmedlemskap: Der det tidlegare var automatisk sjekk av enkeltmedlemskap gjennomfører me no medlemssjekk manuelt.

Vel du «Deltakeravgift: Er enkeltmedlem i NMSU» blir det føresett at du har eit betalt enkeltmedlemsskap i år (januar – desember). Er du ikkje betalande enkeltmedlem i år vil du får tilsendt medlemsgiro i etterkant av påmeldinga. Den medlemsgiroen må då betalast.

Vel du «Deltakeravgift: Vil bli enkeltmedlem i NMSU» er årets medlemskapskontingent lagd inn i prisen.
Medlemskapen vil bli oppretta manuelt i etterkant av påmeldinga.

Melder du på andre enn deg sjølv, eller dine eigne barn, må du ha godkjenning frå deira føresette før du huker av «er eller bli enkeltmedlem».

 

Program

(Det kan komme endringar på programmet)

Laurdag
18:00 Velkommen!
18:45   Kveldsmat
20:00 Kick-off!
20:30 Bli-kjent leiker
21:00 Frukt
21:15    Stjernestund
21:45   Tannpuss og god natt
22:00 Ro

Søndag
08:30 Opp og hopp!
08:50 Flaggheis
09:00 Frukost
09:45 Morgonsamling
11:00   Lagkonkurranse
12:30   Lunsj i gapahuken
14:00 Aktivitetar
16:30 Middag
17:30   Kiosk og fritid
19:00 Leirfest
21:00 Kveldsmat
21:30   Stjernestund
22:00 Tannpuss og god natt
22:30 Ro

Mandag
08:30 Opp og hopp!
08:50 Flaggheis
09:00 Frukost
09:45 Maki på oppdrag
10:30 Pakk og rydd
11:00   Misjonstivoli
13:00 Lunsj
14:15    Avslutningsmøte med foreldre
15:00 Takk for no!

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Knøtteleir for 3 -10 år, med følge

Velkommen til knøtteleir på Fjelltun leirsted!
19. - 20. september

Retreat for unge voksne, 25.-28. september

Velkommen til retreat på Havglimt leirsted!
25. - 28. september

Tweensleir - Haust

Velkommen til tweensleir haust på Kjeldsund!
3. - 5. oktober

Tweensleir høstferie for 5.-8. klasse

Velkommen til tweensleir høstferie på Mjuklia!
4. - 7. oktober
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link