Vinterleir for 2.-7. klasse
Fakta om arrangementet
fredag 5. februar 2027
søndag 7. februar 2027
søndag 24. januar 2027
Alværa Kyrkje- og misjonssenter
Barn
Kontaktperson
Liker du å få nye venner, henga ei heil helg med andre folk og ha innhaldsrike dagar med mykje moro?
Då får du melda deg på leir på Alværa!
Me har samlingar der me lærer om verda og bibelforteljingar, leikar, lagar ting og speler drama, har konkurransar inne og ute. Sjølvsagt blir det Misjonstivoli og leirkveld med mykje moro. På Alværa er det ei rekkje aktivitetar me kan driva med. Me kan leika ute, laga ting av tre og brenna mønster i dei, måla akvarell, spela biljard, bordtennis og andre spel.
Høyrest det gøy ut?
Ta med ein venn og meld deg på!
Pris
Deltakeravgift: Ordinær:
Deltakeravgift: Er enkeltmedlem i NMSU:
Deltakeravgift: Vil bli enkeltmedlem i NMSU:
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
Påmelding kjem
Medlemskap
Me har nyleg bytta leirpåmeldingssystem. I den anleding er det no ei lita endring om ein vel pris med enkeltmedlemskap: Der det tidlegare var automatisk sjekk av enkeltmedlemskap gjennomfører me no medlemssjekk manuelt.
Vel du «Deltakeravgift: Er enkeltmedlem i NMSU» blir det føresett at du har eit betalt enkeltmedlemsskap i år (januar – desember). Er du ikkje betalande enkeltmedlem i år vil du får tilsendt medlemsgiro i etterkant av påmeldinga. Den medlemsgiroen må då betalast.
Vel du «Deltakeravgift: Vil bli enkeltmedlem i NMSU» er årets medlemskapskontingent lagd inn i prisen.
Medlemskapen vil bli oppretta manuelt i etterkant av påmeldinga.
Melder du på andre enn deg sjølv, eller dine eigne barn, må du ha godkjenning frå deira føresette før du huker av «er eller bli enkeltmedlem».
Program
Fredag
Kvelds
Leirkveld – leikar for å bli kjende med kvarandre
Kveldsavslutning
Alle går på romma
Laurdag
Frukost v/ ord for dagen
Bibelsamling
Aktivitetar inne og ute – Fellesleikar, måling, forming, ballspel osb.
Middag
Kiosk
Aktivitetar ute og inne hald fram
Bålpanna er i bruk!
Misjonssamling med konkurransar (Misjonstivoli)
Varm kvelds
Leirkveld med leikar og sketsjar!
Kveldsavslutning
Søndag
Frukost m/ord for dagen
Gudstenesteverkstad – me bruker kreativitet til å laga ein gudsteneste
Postløype og evt. andre aktivitetar
Rydde, taum og koste rom
Middag – foreldre/familie er invitert
Leirgudsteneste – som me har førebudd ilag
Heimreise
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
____________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.