Vinterleir for 3.-6. klasse

12. - 14. februarKjeldsund leirstad og gjestegard
Velkommen til vinterleir på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
fredag 12. februar 2027
Avsluttes
søndag 14. februar 2027
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Tweens

Vinterleir 2027 ❄️🎭
Målgruppe: 3.-6. klasse

Bli med på vinterens kjekkaste helg på Kjeldsund!
Her får du møte gamle og nye venner, vere med på kjekke aktivitetar, konkurransar, song og samlingar. Vi skal leike, ha det kjekt og lære om tru og misjon.

Eit av høgdepunkta på vinterleiren er karnevalet! Så det er berre å starte planlegginga av kostymet ditt og gjer deg klar for leir!

I år blir vinterleiren helga før vinterferien.
Nytt av året er at vi kjem til å ha leirar for 3.-6. klasse, det betyr at leirane kan bli fulle, så ver rask og meld deg på!

Vi gler oss til å sjå deg på leir! ☃️✨

Pris
Deltakaravgift: Ordinær:
Deltakaravgift: Er enkeltmedlem i NMSU:
Deltakaravgift: Vil bli enkeltmedlem:

Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Meir info om pris og påmelding kjem snart.

Program

Kjem

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Juleverkstedleir - Barn 4-8 år med følge

Velkommen til juleverkstedleir på Stenbekk!
28. - 29. november

Stenbekks jul

Velkommen til en førjulsdag for store og små!
5. desember 2026

Tenleir for 8. klasse og oppover

Velkommen til tenleir på Alværa!
8. - 10. januar

Ungdomsleir med leiarkurs

Velkommen til ungdomsleir med leiarkurs på Fjellseter!
8. - 10. januar
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link