Deler tro og talent på tur i Egypt!

OPPLEVD: Bli med ein dag på reise i Egypt, når vi får bli betre kjent med arbeidet til Bibelselskapet og Sat7Kids, som NMS støtter.
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Alle foto: Bjørg Myhre

FREDAG. Dagen i dag er fridag i Egypt. Dagen byrjar med at vi manøvrer oss gjennom tronge gater i mellom fruktselgjere, lastebilar og barn på syklar.

Vi som er på reise frå NMSU er Silje frå region Øst, Bjørg og eg, Gunnhild frå Møre.

Vi kjem fram ei koptisk-ortodoks kyrkje der vi skal få dele ut premier til 7. klassingar som hadde delteke i ein kvisskonkurranse.

Skulle ein døme etter antal selfier som vi ble spurt om å være med på då vi kom inn døra, kunne ein tru at besøk av utlendingar var premie nok i seg sjølv. Men premia vi deler ut er kvisshefter og bibelbøker.

Bilde

70-90 000 BIBELBØKER OG KVISSHEFTER DELES UT KVART ÅR. Dei delast ut av Bibelselskapet til 7. klassingar i landet. Dei som fyller ut kvissheftet, blir invitert tilbake til kyrkja for å få ny premie – nemleg fleire bibelbøker!

Etter ei hjertleg mottaking og selfies, får vi bli med å dele ut bibelbøker i kyrkja, og får helse på barna som har fått biblar.

Det er artig for å oss å dele tru med egyptiske barn ved å dele ut bibelbøker, der dei får bli betre kjent med Gud.

Bilde

SAT7KIDS. Turen går så videre til TV-studioet til Sat7Kids (klikk for å se deres Facebookside). Dette er ein arabisk TV-kanal for barn, med visjonen om å gjere Guds kjærleik synleg.

Der får vi vere med på ein time lang live-sending av programmet Chato. Her er Tia, ei tretten år gammal jente, programleiar.

Tia og fleire andre deler talenta som dei har fått, for å hjelpe andre med utfordringar dei har i kvardagen.

Bilde

I denne sendinga, som vart sendt i heile den arabisktalande regionen, møter vi ein gut som vil ha veiledning i korleis bruke tida si godt, og ikkje berre bruke den på TV og sosiale medier.

Han ynskjer å bruke tid på å lese i Bibelen, men synest det kan vere både vanskeleg og kjedeleg.

Tia og Chato tek utfordringa.

Dei deler tips frå bibelforteljinga om den etiopiske hoffmannen, som trengte hjelp av Filip, ein læresvein av Jesus, for å forstå det han las (les bibelforteljinga her).

Vidare får guten samtale med ein trusopplærer om korleis leve seg inn i teksten, og bruke ark og teiknesaker for å meditere over teksten.

Bilde

Til og med Napoleon dukka opp på sendinga, for å understreke kor viktig kun eitt minutt var for ein soldat. Ein må nytte dei minutta ein har på ein god måte, fortel han.

I sendinga får dei og besøk av ein trettenåring som speler lutt, nasjonalinstrumentet i Egypt.

Vi synest at det var utruleg fint å sjå barn som fekk dele utfordringane dei hadde, og få hjelp av barn og vaksne som delte av talenta sine for å løyse dei utfordringane.

Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk