Kva har landsstyret gjort dei siste åra, eigentleg?
I april 2016 var det Landsmøte for NMS U på Raknestunet utanfor Bergen. Landsmøtet er det øvste demokratiske organet i NMS U, som bestemmer kva NMS U skal jobbe med i framtida. På landsmøtet er det også val av landsstyre, som passar på NMS U mellom landsmøta. Landsstyret består av medlemmar frå heile landet, i tillegg til representantar frå ansatte.
Om ein knapp månad er det på nytt landsmøte – og denne gangen samlast vi på Mjuklia i Trøndelag. Det blir snakk om strategi og budsjett – i tillegg til mykje tid til å vere sosial og leike ute i snøen.
Når ein landsstyreperiode går mot slutten, er det på tide å dele litt av det vi har opplevd!
Landsstyret har fire møtehelger i løpet av året – og stort sett samlast vi i Oslo eller Stavanger. I tillegg til saksbehandling og formelle møter, deler vi mykje tid for å bli kjent med kvarandre og NMS U. Første møtehelg var vi samla i Stavanger, og utnytta den fantastiske junisola til å gå på fjelltur!
Eitt av landsstyremøta var i Kristiansand. Vi var heldige å få sjå den nyoppussa leirstaden Havglimt i nydeleg vårsol, ete laurdagsgraut med NMS, piknik i parken og konkurrerte i Escape room.
I tillegg har landsstyret blant anna besøkt julemessa i Oslo og familiegudsteneste i Bogafjell, delteke på styrekurs, spist mykje god mat og hatt møte med Landsstyret i NMS.
Dei siste to åra har det skjedd fleire store ting i NMS U: Landsstyret har utforma ny logo, Maki og nettside og vi har utvikla familiemiddag, smågrupper og uteam som arbeidsmåtar for heile organisasjonen.
Visjonen til NMS U er fortsatt den same, men no snakkar vi om å dele: tru, tid, ting og talent.
Den nasjonale sommarleiren TMF har blitt til Ucamp Færder, og har blitt flytta frå Sørlandet til ei øy i Oslofjorden. Gjett om vi gler oss!
Det er eit stort og spennande ansvar å sitte i styret for NMS U.
Og vi er takknemlige for å få dele våre talent til det beste for heile organisasjonen.