Kva har landsstyret gjort dei siste åra, eigentleg?

INNBLIKK: Nytt landsmøte nærmar seg! Det gler vi oss til. Men korleis har det vore å sitte i landsstyret dei siste åra? Anders Emil Kaldhol, sitjande leiar i landsstyret, deler litt om kva landsstyret har gjort og opplevd i si styreperiode.
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

I april 2016 var det Landsmøte for NMSU på Raknestunet utanfor Bergen. Landsmøtet er det øvste demokratiske organet i NMSU, som bestemmer kva NMSU skal jobbe med i framtida. På landsmøtet er det også val av landsstyre, som passar på NMSU mellom landsmøta. Landsstyret består av medlemmar frå heile landet, i tillegg til representantar frå ansatte.

Bilde: Landstyret i NMS U 16-18

Om ein knapp månad er det på nytt landsmøte – og denne gangen samlast vi på Mjuklia i Trøndelag. Det blir snakk om strategi og budsjett – i tillegg til mykje tid til å vere sosial og leike ute i snøen.

Når ein landsstyreperiode går mot slutten, er det på tide å dele litt av det vi har opplevd!

Landsstyret har fire møtehelger i løpet av året – og stort sett samlast vi i Oslo eller Stavanger. I tillegg til saksbehandling og formelle møter, deler vi mykje tid for å bli kjent med kvarandre og NMSU. Første møtehelg var vi samla i Stavanger, og utnytta den fantastiske junisola til å gå på fjelltur!

Bilde: Landsstyret på fjelltur

Eitt av landsstyremøta var i Kristiansand. Vi var heldige å få sjå den nyoppussa leirstaden Havglimt i nydeleg vårsol, ete laurdagsgraut med NMS, piknik i parken og konkurrerte i Escape room.

I tillegg har landsstyret blant anna besøkt julemessa i Oslo og familiegudsteneste i Bogafjell, delteke på styrekurs, spist mykje god mat og hatt møte med Landsstyret i NMS.

Bilde

Dei siste to åra har det skjedd fleire store ting i NMSU: Landsstyret har utforma ny logo, Maki og nettside og vi har utvikla familiemiddag, smågrupper og uteam som arbeidsmåtar for heile organisasjonen.

Visjonen til NMSU er fortsatt den same, men no snakkar vi om å dele: tru, tid, ting og talent.

Den nasjonale sommarleiren TMF har blitt til Ucamp Færder, og har blitt flytta frå Sørlandet til ei øy i Oslofjorden. Gjett om vi gler oss!

Bilde

Det er eit stort og spennande ansvar å sitte i styret for NMSU.

Og vi er takknemlige for å få dele våre talent til det beste for heile organisasjonen.

Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link