Fakta om arrangementet
mandag 5. oktober 2026
onsdag 7. oktober 2026
tirsdag 22. september 2026
Alværa Kyrkje- og misjonssenter
Barn
Kontaktperson
Vil du prøve deg som agent?
Med agenttrening, spennande oppdrag og mysterier som må løsast! Vi oppdager, leiker og lærer saman, om tru, misjon, bibelen og fellesskapet.
Hovudleiar er Benedict Peter og med seg har han en heil gjeng med kjekke leiarar som vil gjere leiren til noko av det gøyaste som skjer i haust!
Velkommen til agentleir!
Pris
Deltakaravgift: 1100 kr.
Deltakaravgift: Enkeltmedlem i NMSU: 900 kr.
Deltakaravgift: Bli Enkeltmedlem: 950 kr.
Billettavgift på 20 kr. pr. person kjem i tillegg
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
Er du fra Bergen?
Da kan man søke støtte fra Bergen Fellesforening til deltakeravgift og/eller transport.
Søknad kan sendes til Benedict Ernest Peter på epost benedictp@nms.no
Oppgi hvilken leir du søker støtte på.
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
Medlemskap
Me har nyleg bytta leirpåmeldingssystem. I den anleding er det no ei lita endring om ein vel pris med enkeltmedlenskap: Der det tidlegare var automatisk sjekk av enkeltmedlemsskap gjennomfører me no medlemssjekk manuelt.
Vel du «Deltakeravgift: Enkeltmedlem» blir det føresett at du anten har eit betalt enkeltmedlemsskap i år (januar – desember). Er du ikkje betalande enkeltmedlem i år vil du får tilsendt i etterkant av påmeldinga.
Vel du «Deltakeravgift: Bli medlem» er årets medlemskapskontingent lagd inn i prisen.
Medlemskapen vil bli oppretta manuell i etterkant av påmeldinga.
Melder du på andre enn deg sjølv, eller dine eigne barn, må du ha godkjenning frå deira føresette før du huker av «er eller bli enkeltmedlem».
NB: Grunna ferieavvikling i juli vil eventuelle nye medlemsgiroar bli sende ut i august
Program
Måndag 05. oktober
Frå 18.00: Innkvartering på rom og registrering
19.00: Kvelds
20.00: Bli-kjent samling med agentskule!
21.30 Kveldsavslutning
På romma
Tysdag 06. oktober
09.00: Frukost
10.00: Bibelsamling
11.00: Agentoppdrag og uteaktivitetar
13.00: Lunsj
Kiosk
14.00: Agentoppdrag og uteaktivitetar
16.00: Liten matbit/grilling
16.30: Misjonssamling og misjonstivoli
18.30 Middag
19.45 Leirkveld
21.15 Kveldsavslutning
På romma
Onsdag 07. oktober
09.00: Frukost
10.00: Agentoppdrag
11.00: Gudsteneste som vi har laga
12.00: Lunsj og uteaktivitetar
14.00: Pakk og rydd
16:00: Middag – med foreldre og familie som vil komme
16.45-17.30: Leiravslutning
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
____________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.