Familiefredag på Valderøya

INNBLIKK: Kikk inn i i kjellaren i Valderøya Kyrkje på Sunnmøre ein fredag kveld. Familiemiddagen her gir Lars og familien hans moglegheit til å dele tid og byggje fellesskap med fleire titalls andre familiar frå kyrkjelyden.
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fredag ettermiddag er det eit velsigna kaos i kyrkjekjellaren i Valderøya Kyrkje. Der møtast rundt førti til femti barn og foreldre til middag og aktivitetar. Det kallast Familiefredag. I døra blir ein entusiastisk ønska velkommen av energifulle barn. Frå kjøkkenet høyrest hektisk aktivitet, der middagen straks er klar.

Lars Lervik Langås, er på kjøkkenet, ilag med kona Hilde, barna Emilie (4) og Johan (1.5). Dei har laga middag ilag med ei anna familie.

Bilde: Kristina Norstand og Lars Lervik Långås kokkelerer på Familiefredag i Valderøy Kyrkje

– Å vere med på Familiefredag er supert fordi det gir barna ein fin møteplass der dei kan bli kjent med dei andre barna som går i kyrkja, seier Lars.

På Valderøya har dei cirka seks samlingar i halvåret. Ein bytter på å arrangere det i kyrkja og på bedehuset. Desse samlingane vart starta etter initiativ frå småbarnsfamiliar som hadde flytta tilbake til øya, og som hadde lyst til å ha ein samlingsstad for å bli betre kjent med andre småbarnsfamiliar i kyrkja og på bedehuset. Middagen blir laga på dugnad, og på menyen står alt frå gryterettar og supper, til fiskeburger, pastasalat og taco.

Bilde

Familiemiddag

Familiemiddag kan være et godt redskap for menigheter som ønsker å bygge fellesskap mellom barn og familier, eller som ønsker å få økonomisk støtte til middager som allerede arrangeres i menigheten. Les mer og finn ressurser her. 

Etter middag samlast gjengen til ei sangstund. Denne fredagen avslutta dei samlinga med å bruke delekortet med godnattbøna «Kjære Gud eg har det godt» frå NMSU sine andaktsressursar for Familiemiddag. Det er ikkje alltid at ein finn rom til å samle ein skokk aktive barn til andakt ein fredagsettermiddag – men delekorta er ein god reiskap til å dele tru på heimebane.

Ettermiddagen avsluttast med at dei største barna går i gymsalen, medan dei minste tek med seg delekorta heim og er klare for å ta kvelden.

Både barn og voksne set pris på å møtast på ein uformell måte. Middag må ein jo ha uansett – og det er ein god måte å dele tid på. Og det er godt å bygge fellesskap i ein kyrkjelyd.

Bilde
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk