Tenleir for 8. klasse og oppover
Fakta om arrangementet
fredag 8. januar 2027
søndag 10. januar 2027
lørdag 26. desember 2026
Alværa Kyrkje- og misjonssenter
Ungdom
Kontaktperson
🌟 Bli med på TENLEIR! 🌟
Ein leir full av fellesskap, moro og nye venner
Tenleir handlar om det viktigaste av alt: å vere saman og bli kjende med kvarandre!
Me inviterer deg til ei helg fylt med:
✨ Kjekke samtalar
🍕 God mat og hygge
🎬 Filmkveld
🎮 Spelekveld
🎭 Drama og kreativ utfolding
🤝 Tid til å henge og ha det gøy
Ta med deg vennar – eller kom åleine og få nye!
Dette blir ei leir du ikkje vil gå glipp av.
Hovedleder: Benedict Peter
Pris
Deltakeravgift: Ordinær:
Deltakeravgift: Er enkeltmedlem i NMSU:
Deltakeravgift: Vil bli enkeltmedlem i NMSU:
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
Påmelding kjem snart
Medlemskap
Me har nyleg bytta leirpåmeldingssystem. I den anleding er det no ei lita endring om ein vel pris med enkeltmedlemskap: Der det tidlegare var automatisk sjekk av enkeltmedlemskap gjennomfører me no medlemssjekk manuelt.
Vel du «Deltakeravgift: Er enkeltmedlem i NMSU» blir det føresett at du har eit betalt enkeltmedlemsskap i år (januar – desember). Er du ikkje betalande enkeltmedlem i år vil du får tilsendt medlemsgiro i etterkant av påmeldinga. Den medlemsgiroen må då betalast.
Vel du «Deltakeravgift: Vil bli enkeltmedlem i NMSU» er årets medlemskapskontingent lagd inn i prisen.
Medlemskapen vil bli oppretta manuelt i etterkant av påmeldinga.
Melder du på andre enn deg sjølv, eller dine eigne barn, må du ha godkjenning frå deira føresette før du huker av «er eller bli enkeltmedlem».
Program
Fredag
18:00 Innkvartering
19.15 Pizza
20.30 Team-up!
Kveldssamling med leker og konkurranse
Ord for kvelden (Dele sang og hva/hvorfor de liker)
Spillekveld, prat og snacks
Lørdag
09.30 Vekking
09:30 Frokost i peistuen
11.00 Morgensamling (Gudsrikeleiken)
Sang, og samtale
13.00 Middag sammen med Kyrkje-og Misjonsdag
14.30 Gudstjeneste sammen med Kyrkje-og Misjonsdag
15:30 Litt fri med leker
17:00 Sveler og Skravling Kaffemat
19:30 Hamburger
Personlig (Alenetid med Gud)
20:30 Misjon og minibasar
21.00 Leirkveld
Ord for kvelden
22.30 Spill-kveld og sosial, popcorn og snacks
God natt!
Søndag
09.30 Vekking
10.00 Frokost
10.30 Morgensamling/avskjedssamling
11.00 Rydd-pakk-kost!
12.00 Vel hjem
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
____________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.