Camp Kjeldsund 2026

7. - 9. augustKjeldsund leirstad og gjestegard
Meld deg på!
Velkommen til Camp Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
fredag 7. august 2026
Avsluttes
søndag 9. august 2026
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Familier
Meld deg på her!

Kontaktperson

Hilde Lervik Langås
hildell@nmsu.no

Camp Kjeldsund – leiren for alle!
I år har vi 10-års jubileum og du er invitert til å bli med på feiringa!

Tema for leiren er konfetti! 🎉
Konfetti kjem i alle fargar og former – akkurat som oss. Kvar bit er lita i seg sjølv, men saman blir det fest! Slik er det med oss òg: Vi er ulike, men treng kvarandre.

Rom 12, 4-5 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.

På leir blir det fokus på Jesus, misjon og fellesskap. Vi har samlingar for barn og vaksne, bading, grilling, tid for samtaler og godt fellesskap. Tradisjonen tru blir det Battle of Kjeldsund, lagkonkurransen som vekkjer vinnarinstinktet, og som ein aldri kjem seg tørrskodd i frå. Kven vinn «Årets fotballkamp» – er det barna eller dei vaksne? Som alltid blir det også topp stemning på vårt fantastiske Misjonstivoli J

På Camp Kjeldsund er alle velkomne: familiar, besteforeldre med barnebarn, tanter eller onklar med nevøar og nieser, ta med deg ein vennegjeng, vener av barna eller kom åleine!

 

 

Priser og påmelding

Pris (pr. person)
Båt/Campingvogn/telt: 650 kr.
Rom/hytte: 1100 kr.
0-2 år: Gratis

Makspris familie eller gruppe: 5000 kr
Val av makspris føreset at ein bur på same rom.

I NMSU ønsker vi at flest mogleg barn, ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om støtteordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Påmelding
Nytt av året er at ein no kan melda på alle i eit påmeldingsskjema.
Ein treng ein ikkje lenger ha eit skjema for kvar nye påmelde person.

Det vil seia:
Eit påmeldingsskjema gjeld eit rom, ein båt, ei campingvogn, eller eit telt.
Skal ein ha fleire rom, båtar, campingvogn eller telt må ein gjera ei ny påmelding.

Hugs derfor:
– Å huk av for rett talet på (betalande) deltakarar du melder på.
– Skriv inn namn og alder på alle du melder på (i eige tekstfelt)
– Oppgi eventuelle allergiar med deltakarars namn (i eige tekstfelt)

Program

FREDAG

🕔 17:00 Velkommen
📝 Registrering og 🛏️ innkvartering
🎉 18:00 Opningsshow
🌮 19:00 Kveldsmat – Taco
🕯️ 20:00 Kveldssamling
🌙 21:00 Leggetid for dei minste
👫 Juniorsamling (t.o.m. 6. klasse)
🔥 Ungdomskro (f.o.m. 7. klasse)
☕ 21:30 Vaksenkro

LAURDAG

🥐 08:30–09:30 Fleksifrukost
⛪ 10:00 Storsamling
👧🧑 10:30 Barnegrupper og vaksensamling
🥪 11:30 Matpakkelunsj
⚽🎨 12:00 Fritid – aktivitetar
🍭 12:30 Kiosk
⚔️ 14:00 Battle of Kjeldsund
🔥 16:00 Middag – grilling
⚽ 17:30 Fotballkamp: barn mot vaksne
🎊 18:45 Leirfest
🍕 19:45 Kveldsmat – Pizzasnurrer
🕯️ 20:30 Kveldssamling
🌙 21:00 Leggetid for dei minste
👫 Juniorsamling (t.o.m. 6. klasse)
🔥 Ungdomskro  (f.o.m. 7. klasse)
☕ 21:30 Vaksenkro

SØNDAG

🥐 08:30–09:30 Fleksifrukost
🧳 09:30 Pakking og rydding
🎯 10:30 Misjonstivoli
🌭 Pølser til lunsj & 🧇 sal av vaflar
⛪ 12:30 Storsamling
💛 13:30 Takk for i år

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.

1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.

2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.

3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du to val.

3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på «Gå til betaling»
3.2 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same to vala:
–  «+ legg til deltakar», «meld på» – Vel det som passar for deg.

4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.

5 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

På Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune møter du ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koseleg peisestue, ein gapahuk der det er supert å ete matpakka, zipline og tauhuske, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi speler spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet.

I løpet av ein leir på Kjeldsund vonar vi at deltakarane får treffe gamle vener og bygge nye venskap, og får gode minner for livet.


Se andre arrangementer

Minileir - Barn med følge

Velkommen til minileir på Fjordglimt!
29. - 31. mai

Familieleir på Alværa

Velkommen til familieleir på Alværa Kyrkje- og misjonssenter!
5. - 7. juni

Agentleir for 2.-5. klasse

Velkommen til agentleir på Fjelltun!
5. - 7. juni

Agentleir nr. 1 for 2.-4. klasse

Velkommen til agentleir på Solsetra!
6. - 7. juni
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link