Minileir for 2.-4. klasse

18. - 20. februarKjeldsund leirstad og gjestegard
Meld deg på!
Velkommen til vinterleir på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
onsdag 18. februar 2026
Avsluttes
fredag 20. februar 2026
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Barn
Meld deg på her!

Kontaktperson

Hilde Lervik Langås
hildell@nmsu.no

Velkommen til Minileir – Vinter på Kjeldsund!
Tema for leiren er SUPERHELT!

Vi skal lære om Jesus, den største superhelten av alle!

Og vi skal lære korleis vi kan vere superhelter – ikkje med kappe og superkrefter, men med kjærleik, tru og mot!

Det blir leirfest med karneval!
Ta med eit kostyme og kle deg ut som det du har lyst til!
Kanskje vil du kle deg ut som din superhelt? Er det ein fotballspelar, ei prinsesse, supermann? Kanskje klarer du å lage du ditt heilt eige superheltkostyme eller eit robotkostyme av ei pappkasse? Ver kreativ!

Maki – maskoten til NMSU, reiser på oppdrag til eit av misjonslanda til NMS. På leir får vi høyre og lære om eit misjonsprosjekt som støtter arbeid for barn. For å samle inn pengar til prosjektet har vi misjonstivoli. Her har vi ingen karusellar, men mange konkurransar, ansiktsmåling, lykkehjul og små premier ein kan vinne.

Har du lyst å vise eit talent? På leirfesten kan DU opptre! Vis eit trylletriks, fortel ein vits, syng ein song, spel eit instrument eller dans ein dans? Vi gleder oss!

Sjå programmet for meir info. Leirbrev sendast ut 2 veker før leiren.

Pris
Deltakeravgift: 1950 kr.
Pris med med medlems- og søskenrabatt: 1600 kr. *
Enkeltmedlem i NMSU: 1800 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

* Val av pris med medlems- og søskenrabatt føreset at ein er enkeltmedlem i NMSU, samtidig som ein har søsken på ein av vinterleirane. Kan nyttast på tvers av NMSU sine vinterleirar på Kjeldsund i februar.

Medlems- og søskenrabatten blir gitt i ein togang: Først medlemsrabatten når ein huker av for er eller bli medlem. Deretter må ein hugsa å huka av avkryssingsboksen «søskenrabatt». Blir det gjort vil du i sum få både medlems- og søskenrabatt.

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

 

Program

Endringar kan forekomme

Onsdag
17:00 Velkommen!
17:45 Superstart
19:00 Kveldsmat
20:10 Stjernestund
20:30 Tannpuss og god natt
21:00 Ro

Torsdag
08:00 Opp og hopp!
08:30 Frukost
09:30 Superheltsamling
10:15 Superheltverkstad
11:45 Vi går til gapahuken
12:00 Lunsj
13:00 Superheltleikane
14:00 Kiosk
14:30 Aktivitetar
16:00 Middag
18:00 Leirfest med karneval
19:30 Kveldsmat
20:10 Stjernestund
20:30 Tannpuss og god natt
21:00 Ro

Fredag
08:30 Opp og hopp!
09:00 Frukost
10:00 Maki på oppdrag
11:15 Misjonstivoli
12:30 Varm lunsj
13:30 Pakk og rydd
14:30 Superslutt

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.

1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.

2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.

3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du to val.

3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på «Gå til betaling»
3.2 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same to vala:
–  «+ legg til deltakar», «meld på» – Vel det som passar for deg.

4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.

5 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

____________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande enkeltmedlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Tenleir for 8. klasse og oppover

Velkommen til tenleir på Alværa!
9. - 11. januar

Lederhelg for 7. klasse og oppover

Velkommen til lederhelg på Furutangen!💡
6. - 8. februar

Vinterleir for 5.-7. klasse

Velkommen til vinterleir på Kjeldsund!
15. - 17. februar

Minileir for 2.-4. klasse

Velkommen til vinterleir på Kjeldsund!
18. - 20. februar
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link