Fakta om arrangementet
tirsdag 6. oktober 2026
onsdag 7. oktober 2026
mandag 21. september 2026
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Barn
Bli med på haustleir på Kjeldsund!
Målgruppe: 2.-4. klasse
Ny minileir på Kjeldsund nærmar seg, og vi gler oss til ein leir med mykje kjekt program, nye vennskap og gode opplevingar. Vi håpar på fint haustvêr slik at vi får padle litt kano også! Gjennom leiren blir det konkurransar, leik, samlingar, song, dans, leirfest, Jesus, misjon og misjonstivoli.
Minileir er for deg som går i 2.-4. klasse. I haust blir leiren to dagar, men berre ei natt. Vi håper dette vil føre til at enda fleire blir med på leir!
Så få med deg ein ny venn og vennegjengen og meld deg på.
Har du spørsmål? Kontakt Hovudleiar Hilde Lervik Langås
Leirbrev vil bli sendt ut ca. ei veke før leiren
Vi gler oss til å sjå deg på Kjeldsund!
Pris
Deltakaravgift: Ordinær: 1000 kr.
Deltakaravgift: Er enkeltmedlem i NMSU: 850 kr.
Deltakaravgift: Vil bli enkeltmedlem: 900 kr.
Billettavgift på 20 kr. pr. person kjem i tillegg
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
«Englevakt»
På kveldane har leiarane møte, så om det er nokon foreldre som kan tenke seg å vere «englevakt» så meld gjerne i frå til Hilde (mob. 951 11 821).
Englevaktas oppgåve er å sitje vakt i gangane utanfor romma på dei ulike bygga og sørge for at der er ro (og evt gi beskjed om til leiarane om det skulle vere noko).
Og om der er nokon som treng ei mor eller ein far på kvelden kan det vere fint å melde seg som englevakt.
Medlemskap
Me har nyleg bytta leirpåmeldingssystem. I den anleding er det no ei lita endring om ein vel pris med enkeltmedlemskap: Der det tidlegare var automatisk sjekk av enkeltmedlemskap gjennomfører me no medlemssjekk manuelt.
Vel du «Deltakeravgift: Er ennkeltmedlem i NMSU» blir det føresett at du har eit betalt enkeltmedlemsskap i år (januar – desember). Er du ikkje betalande enkeltmedlem i år vil du får tilsendt medlemsgiro i etterkant av påmeldinga. Den medlemsgiroen må då betalast.
Vel du «Deltakeravgift: Vil bli medlem» er årets medlemskapskontingent lagd inn i prisen.
Medlemskapen vil bli oppretta manuelt i etterkant av påmeldinga.
Melder du på andre enn deg sjølv, eller dine eigne barn, må du ha godkjenning frå deira føresette før du huker av «er eller bli enkeltmedlem».
Program
Tirsdag
15.00 Velkommen
15.45 Kick-off samling
16.30 Middag
17:30 Kjeldsundleikane
18.30 Aktiviterer
19.30 Leirfest
20.30 Kveldsmat
21.00 Stjernestund
21.15 Leggetid
Onsdag
08.00 Vekking
08.15 Flaggheis
08.30 Frokost
09.30 Morgensamling: Misjon og Bibel
10:15 Frukt
10.30 Fritid – Aktiviteter
13.00 Taco
13:00 Pakk og rydd
13:30 Misjonstivoli
15.00 Utelek
15:30 Avslutningsmøte m/foreldre
16:15 Slutt
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
____________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.
Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.