Tenleir – Avlyst

7. - 9. novemberKjeldsund leirstad og gjestegard
Velkommen til tenleir på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
fredag 7. november 2025
Avsluttes
søndag 9. november 2025
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Ungdom

Kontaktperson

Hilde Lervik Langås
hildell@nmsu.no

Blir du med på Tenleir?
På leiren skal me ha fokus på å vere i lag og bli kjent med kvarandre. Me skal laga mat i lag, ha konkurransar, bålkos, gode samtalar og kreativ andakt.

Tema for leiren er fellesskap!

«For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»  Matteus 18,20

Velkommen!

Leiren er fra 8. klasse til 3. vgs.

Pris
Ordinær: 1200 kr.
Enkeltmedlem i NMSU: 1000 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

 

Program

Fredag
18:00   Innkvartering
18:30   Velkommen med litt info
19:00   Fredagstaco
20:00   Team-up!
Teambuildingskonkurransar
21:30   Stjernestund
Kveldssamling med bålkos
Vi griller pinnebrød og s’mores
22:30   Chilletid: Spel, prat og snacks

Laurdag
10:00   Vekking
10:30   Frukost
11:30   Morgonsamling med kreativ andakt
12:30   Stratego
13:30   Kanotur om veret er bra
14:30   Matpakkelunsj og kakao på ein holme eller i gapahuken
15:00   Kiosk
15:30   Frisbeegolf, boblefotball, brettspel eller «isbading» for dei badeglade
17:00   Afternoon-tea og skravlestund
Vi snakkar om livet, interesser, sport, vennskap, misjon, Jesus, tru og tvil
18:00   Vi deler inn i grupper og lager program for morokveld
19:30   Pizza
20:30   Misjon og minibasar med forundringspakker
21:00   Morokveld
22:00  Stjernestund
Kveldssamling med bønnevandring
22:30  Chilletid: Spel, prat og snacks

Søndag
10:00   Vekking
10:30   Frukost
11:00   Pakk og rydd
12:00   Avskjedssamling
13:00   Takk for denne gang!

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.

1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.

2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.

3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du tre val.

3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på “Gå til betaling”
3.2 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmelding) og betala med faktura trykkjer ein «Betal med faktura»
3.3 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same tre vala:
–  «+ legg til deltakar», «Betal med faktura», «meld på» – Vel det som passar for deg.

4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort eller vel faktura). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.

5 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

______________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande enkeltmedlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet.

I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Høstleir for 2.-5. klasse

Velkommen til høstleir på Mjuklia!
31. okt -2. nov

Tenleir - Avlyst

Velkommen til tenleir på Kjeldsund!
7. - 9. november

Adventsleir for 2.-4. klasse

Velkommen til adventsleir på Furutangen!
21. - 23. november

Adventsleir for tweens (5.-7. klasse)

Velkommen til adventsleir på Fjelltun!
21. - 23. november
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk
Secret Link