Leiardøgn for 8. klasse og oppover

29. - 30. novemberKjeldsund leirstad og gjestegard
Meld deg på!
Velkommen til leiardøgn på Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
fredag 29. november 2024
Avsluttes
lørdag 30. november 2024
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Ungdom
Meld deg på her!

Kontaktperson

Miriam Mulelid
40332747
miriamm@nmsu.no

Vil du lære meir om å vere leiar for barn og unge? Vil du vere del av eit kristent fellesskap for ungdom? Vil du utvikle leirarbeidet i Møre? Vil du utfordre deg sjølv? Vil du ha praktisk øving som leirleiar? Bli med på leiardøgn, då vel! 🙂

Her har vi undervising både frå Bibelen og om det å vere leiar. Vi diskuterer praktiske case og jobbar med konkrete oppgåver. Vi leikar, tøyser, kosar oss og blir godt kjende. Bli ein del av gjengen! Meld deg på i dag, og inviter gjerne med deg ein venn 🙂

Pris
* Leirleiar haust 2024: Gratis
Ordinærpris: 200 kr.

* Føreset at du skal vera leirleiar på juleverkstadleiren i regi av NMSU på Kjeldsund høsten 2024.

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Program

Kjem

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).

NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.

5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

___________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet.

I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.


Se andre arrangementer

Høstleir for 2.-5. klasse

Velkommen til høstleir på Mjuklia!
1. - 3. november

Lederkurs for 7. klasse og oppover

Velkommen til lederkurs på Fjordglimt!
2. - 3. november

Adventsleir for tweens (5.-7. klasse)

Velkommen til adventsleir på Fjelltun!
15. - 17. november

Adventsleir for 2.-5. klasse

Velkommen til adventsleir på Fjelltun!
22. - 24. november
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk