Camp Kjeldsund 2025

8. - 10. augustKjeldsund leirstad og gjestegard
Meld deg på!
Velkommen til Camp Kjeldsund!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
fredag 8. august 2025
Avsluttes
søndag 10. august 2025
Sted
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Aldersgruppe
Familier
Meld deg på her!

Kontaktperson

Solveig Hugdal
47160251
solveig.hugdal@nmsu.no

Sommarens høgdepunkt!
Denne leiren er et samlingspunkt for både barn, ungdom og vaksne på Kjeldsund. Vi har det veldig kjekt ilag! Leiren er lagt opp til at ein kan kome saman heile storfamilia. Meld dykk på saman med besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn, jo fleire jo betre! På leiren har vi opplegg i ulike aldersgrupper og saman for alle aldrar.

Gjennom leiren ønskjer vi å sette fokus på det som er større enn oss sjølve, gjennom samlingar tilpassa ulike aldersgrupper, om misjonsglimt frå NMS sitt arbeid og mykje meir. Familiane kan leige rom eller hytte på Kjeldsund, eller ein kan ta med telt, campingvogn, bobil eller båt og leige plass til denne på området. Alt etter kva dykk som familie foretrekk.

Utanom samlingane koser vi oss saman med fritid eller aktivitetar! Kvart år arangerer vi også Battle of Kjeldsund! Dette er ein lagkonkurranse der lag konkurerer mot andre om heider, ære og premiar! For ikkje å snakke om den prestisjetunge fotballkampen der du er like ettertrakta enten du stiller som speler, innbyttar eller heiagjeng! Vi arrangerer misjonstivoli som på barneleirar, men her er det større enn vanleg! Her blir det gøye postar, premiebod, kiosk og tombola! Alt dette og meir får du bli med på i sommar!

Sett av helga for å skape minner saman som familie.

Dykk er velkommen!

Hilsen Komitéen

Hovudleier for leiren er: Barbro Landmark

Priser

Arrangementsavgift (betales av alle)
0-3 år: 150 kr.
4-100 år: 250 kr.

Overnatting
Rom: 1300 kr.
Hytte: 2400 kr.

Båt: 400 kr.
Bobil: 400 kr.
Telt: 400 kr.

Det er berre ein pr. rom/telt/båt/bubil/hytte som betaler overnatting.

Mat
0-3 år: 0 kr.
4-12 år: 600 kr.
13+ år: 850 kr.

___________________________________________________________________________________________

Makspris familie (blir betalt av ein i familien pr. rom/telt/bubil/campingvogn/båt)
Føreset at familien får plass på eit rom / telt/bubil/campingvogn/båt, og at ein i familien betaler makspris på 3500 kr. (rom), 3100 kr. (telt/bubil/campingvogn/båt) eller 4000 kr. (hytte). Det inkluderer overnatting og mat til alle i maksprisfamilien. Hugs å huk av rett i påmeldinga.

Maksprisen blir ikkje rekna ut automatisk. Du må sjølv rekna ut på førehand.

Nokre døme:
– To vaksne og to barn over fire år på eit rom  – overstig makspris for overnatting og mat.
– To vaksne og eit barn over fire år på eit rom – overstig makspris for overnatting og mat.

– To vaksne og tre barn over fire år i eit telt/båt/bobil – overstig makspris for overnatting og mat.
– En vaksne og fire barn over fire år i eit telt/båt/bobil – overstig makspris for overnatting og mat.

Arrangementsavgifta blir ikkje rekna inn i maksprisen. Den kjem utanom og skal betalast av alle.

Program

Dette er frå i fjor, mulig det blir endret.

Fredag
17.00 Registrering
18.00 Åpningsshow
19.00 Taco
20.00 Storsamling
21,00 Ungdomskro
21.30 Vaksnekro
23.00 Stilletid

Laurdag
08.30-09.30 Fleksifrukost
10.00 Storsamling
11.30 Matpakke
12.00 Aktivitetar
14.00 Battle of Kjeldsund
16.00 Grilling
17.15 Fotbalkamp
18.30 Leirfest
21.00 Korssamling
22.00 Kveldskro
23.00 Stilletid

Søndag
08.30-09.30 Fleksifrukost
09.30 Pakke og rydde
10.30 Misjonstivoli
13.00 Delegudstjeneste
14.00 Avreise

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.

1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.

2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.

3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du tre val.

3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på “Gå til betaling”
3.2 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmelding) og betala med faktura trykkjer ein «Betal med faktura»
3.3 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same tre vala:
–  «+ legg til deltakar», «Betal med faktura», «meld på» – Vel det som passar for deg.

4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort eller vel faktura). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.

5 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.

På Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune møter du ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koseleg peisestue, ein gapahuk der det er supert å ete matpakka, zipline og tauhuske, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi speler spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet.

I løpet av ein leir på Kjeldsund vonar vi at deltakarane får treffe gamle vener og bygge nye venskap, og får gode minner for livet.


Se andre arrangementer

Ungdomsweekend

Velkommen til ungdomsweekend på Havglimt!
25. - 27. april

Lederdøgn fra 8. klasse og oppover

Velkommen til lederdøgn på Mjuklia!
1. - 2. mai

Vår og knøtteleir

Velkommen til vår- og knøtteleir på Mjuklia leirsted og gjestegård!
2. - 4. mai

Tweensleir for 5.-8. klasse

Velkommen til tweensleir på Mjuklia leirsted og gjestegård!
2. - 4. mai
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk