Fakta om arrangementet
fredag 10. juni 2022
søndag 12. juni 2022
torsdag 9. juni 2022
Alværa
Familier
Kontaktperson
Endelig kan vi ha familieleir igjen! Vi gler oss til å vere i lag, store og små, på samlingar, leik og aktivitetar, måltid og sosialt fellesskap. No er Alværa 40 år og det blir nok ein god bursdagsfeiring på leiren! NMSU sin maskot Maki, som er ein lemur frå Madagaskar, kjem sikkert innom og leiker med oss.
Vi ønsker at familieleiren på Alværa ska vere ein god stad å vere for heile familien. Alle aktivitetane og samlingane er lagt opp slik at vi er saman om det meste. Vi vil gi kvarandre glede, dele erfaringar og eit inkluderande fellesskap.
Kjenner du nokon som skulle vore invitert med? Send invitasjonen vidare!
Pris
Vaksen: 1250 kr.
Ungdom (13-17 år): 800 kr.
Born (5-12 år): 600 kr.
Medlem i NMSU: Får 200 kr. rabatt (kun born og ungdom)*
Born (0-5 år): Gratis
Makspris: 3700 kr. **
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born, ungdom og familiar skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
*Medlemskap i NMSU kostar 100 kr. i året
** Makspris er 3700 kr. For påmelding av maksprisfamilier – ta kontakt med arrangementkonsulent Vegar Isachsen på vegari@nms.no
Program
Kjem
Ofte stilte spørsmål
Korleis meld eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øverst på denne siden.
Trenger du hjelp til å forstå påmeldingen? Gå gjennom punktene under for detaljert beskrivelse av hvordan du melder deg på.
1 – Klikke på «Meld deg på her»-knappen i den grønne firkanten oppe til høyre.
2 – Logg inn på min side
Logg deg på med den brukeren du allerede har (med mobilnummeret du registrerte deg med forrige gang du var på leir i NMSU). Husker du ikke passordet trykker du glemt passord. Har du ikke vært på leir i NMSU før trykker du ny bruker og registrerer personalia
3 – Inne på min side får du opp et arrangementsbilde. Under bilde viser en grønn knapp «Videre til påmelding». Trykk der.
4 – Da får du opp et bilde: Påmeldingen gjelder: «meg» eller «andre». Trykk på ditt valg. Velger du meg er personalia ferdig utfylt – trykk da lagre og du kommer rett til påmeldingskjema. Velger du andre må du fylle inn personalia og trykk lagre.
5 – Fylle ut påmeldingsskjema med dine valg. Når du er ferdig trykker du lagre.
6 – Nå kan du gå til betaling eller fortsette å melde på flere.
7 – Går du til betaling får du to valg: Kort eller e-post. Velg det som passer deg.
8 – Få bekreftelsesmail.
Du må fullføre påmeldingen for å være endelig påmeldt. Fullfører du ikke påmeldingen forsvinner påmeldingen innen 30 minutter.
Har du fortsatt spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
_________________________________________________________________________
Korleis får eg medlemsrabatt?
Du må ha betalt årets medlemskap i NMSU for å få rabatt på leir.
1 Vil du bli medlem? Inne på sjølve påmeldinga må du klikke deg inn på «bli medlem». Der betaler du årets medlemskontingent (via ein link til nets). Når kontingenten er betalt går du tilbake og held fram med påmeldinga.
NB: Betaler du ikkje medlemskapet «der og då» vil du inne på påmeldinga få opp at du er medlem, men at du ikkje har betalt medlemskapet for det inneverande året. Det er difor viktig at du betaler medlemskapet med ein gong etter å ha klikka på «bli medlem» for at det skal bli registrert rett.
2 Er du medlem frå før, men har ikkje betalt årets medlemskontingent kan du betale giroen du har fått på SMS eller mail, av NMSU. Medlemsgiroen finn du og under medlem i venstre kolonne inne på min side. Min side finn du ved å gå inn på nmsu.no og opne menyen til høgre.
NB: Dersom du er eksisterande medlem, men har ikkje betalt årets medlemskontingent vil det ta nokre vyrkedagar før medlemskapet er registrert som betalt, etter at det faktisk er betalt. Det kan difor vere lurt å betale den, og gjere sjølve påmeldinga nokre dagar seinare.
3 Har du betalt årets medlemskap vert rabatten trekt frå på sluttsummen.
__________________________________________________________________________________
Vert du sjuk rett før leir?
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke våre betalingsvilkår. Skulle du verte sjuk rett før leiren eller same dag, kan NMSU dessverre ikkje refundere innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter vi allereie har på deltakaren. Unntaket er dersom du leverer legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundere deltakaravgifta kan du sjekke om du får beløpet refundert gjennom di eller føresette si reiseforsikring.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.