Fakta om arrangementet
fredag 21. mars 2025
søndag 23. mars 2025
søndag 16. mars 2025
Orreneset Misjonssenter
Ungdom
Unge voksne
Kontaktperson
Velkommen til ungdomsleir på Orreneset!
Bli med på ungdomsleir med andre unge kristne på Møre, mellom 15 og 25 år!
Temaet for leiren er «levande tru» og i løpet av helga skal vi dykke ned i Bibelen og sjå kva trua på Jesus verkeleg kan gjere med oss. Er trua noko som kun høyrer søndagene til? Kvifor akkurat Jesus? Og kva betyr det eigentlig å tru på han? Dette er noko av det vi skal utforske saman!
Leiren arrangerast i samarbeid mellom NMSU og Kyrkjene i Sykkylven.
Hovudleiarar på leiren er Miriam Mulelid og Kathrin Notanes Riksheim.
Spørsmål om leiren?
Kontakt Miriam Mulelid (se infoboks til høyre), eller Kathrin Notanes Riksheim på mobil: 93255873
Pris
Deltakeravgift: 850 kr.
Medlem i NMSU: 740 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
Program
Kjem
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut påmeldingsskjema får du tre val.
3.1 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmeldinga) og betala med kort eller vipps trykkjer ein på “Gå til betaling”
3.2 – Ønskjer ein å melda på (fullføra påmelding) og betala med faktura trykkjer ein «Betal med faktura»
3.3 – Ønskjer ein å melda på fleire trykkar ein på «+ legg til deltakar»
– Fyll ut info på neste person og trykk «ok»
– Etter «ok» kjem du til eit nytt skjermbilete der ein får dei same tre vala:
– «+ legg til deltakar», «Betal med faktura», «meld på» – Vel det som passar for deg.
4 – Når du har lagt inn alle deltakarane du ønskjer veljar du betalingsmetode. Påmeldinga er ikkje fullført før ein har valt betalingsmetode (vipps/kort eller vel faktura). Blir ikkje gjort det forsvinn den/dei gjekk i gang med påmeldinga(e) etter kvart.
5 – Få stadfestingse-post.
No er du påmeldt.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
______________________________________________________________________________________________
Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande enkeltmedlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».
Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.
2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.
____________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.