Leiarhelg for 8. klasse og oppover

12. - 14. januarAlværa
Meld deg på!
Velkommen til leiarhelg på Alværa!
Del Facebook Twitter E-post
Tilbake

Fakta om arrangementet

Starter
fredag 12. januar 2024
Avsluttes
søndag 14. januar 2024
Sted
Alværa
Aldersgruppe
Ungdom
Meld deg på her!

Kontaktperson

Helle Leivestad Kartveit
40 40 60 50
hellelk@nmsu.no

Denne helga blir sosial og hyggjeleg, med mykje tid til å bli kjend med nye venner, prata om stort og smått og læra noko nytt. Me lagar god mat saman, har spennande samtalar og god undervisning om det å vera leiar. Gjennom leikar og aktivitetar lærer me kanskje noko nytt om oss sjølv.

Helle Kartveit og fleire står klar til å laga ein bra leir!

Helga er eit samarbeid mellom kyrkjelydar i Den norske kyrkja og NMSU.

Pris
Ordinærpris: 700 kr.
Medlem i NMSU: 550 kr.
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember

I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/

Program

Fredag
19.10 Bussen kjem til Alværa
19.30 Kveldsmat, brød og pålegg
20.00Samling: Presentasjon og bli kjent
21.00 Leikar og samtala om leikar
Ca 22.00 Hyggja/spel/peis og prat – snacks
Ca 24.00 Kveldsavslutning

Laurdag
09.15 Frivillig morgonbønn i peisestua
09.30 Frukost
10.00 Morgenandakt: Sang, Personlig tid med Gud
10.30 Leiartrening
11.30 Pause
12.15 Leiartrening
13.00 Middag saman med Kyrkje-og Misjonsdag
14.30 Gudsteneste saman med Kyrkje-og Misjonsdag
Ca 16.00 Grilling
17.00 Leiartrening
18.30 Lage til taco – alle hjelper til
19.30 Taco
20.30 Leke og prata
21.30 Kveldsavslutning med bønnevandring
22.30 Spill-kveld og sosial, popcorn og snacks
Eventuelt nattkino
God natt!

Søndag
09.15 Frivillig morgonbønn i peisestua
09.30 Frukost, laga matpakke
10.00 Samling med song og bønn: Personleg tid med Gud
11.00 Rydd-pakk-kost!
12.30 Matpakkelunsj + bollar
Avslutning
Hjemreise

Ofte stilte spørsmål

Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).

NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.

5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.

No er du påmeldt.

Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130

______________________________________________________________________________________________

Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera medlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».

Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.

2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.

____________________________________________________________________________________________

Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.

Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.

Leir i NMSU

Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv

Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.


Se andre arrangementer

Leiarhelg for 8. klasse og oppover

Velkommen til leiarhelg på Alværa!
12. - 14. januar

Vinterfamilieleir 2024

Velkommen til vinterfamilieleir på Camp Sjusjøen!
21. - 25. februar

Tweensleir for 5.-8. klasse

Velkommen til tweensleir på Mjuklia!
19. - 21. april
Expand Lukk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Lukk