Juleverkstadleir – Born 5-10 år i følgje med vaksne – Avlyst
Fakta om arrangementet
lørdag 30. november 2024
søndag 1. desember 2024
fredag 15. november 2024
Kjeldsund leirstad og gjestegard
Barn
Kontaktperson
Velkommen til juleverkstadleir!
Her kan både barn, foreldre, og besteforeldre kome saman for å oppleve godt fellesskap, førjulsstemning, og for å lage fin julepynt eller julegåver. Vi skal gle oss over at Jesus kom ned til oss her på jorda, og at vi kan få lov til å feire det kvar jul.
Kanskje er det også nokon som får reise på sin aller første leir? Dette er ein kort leir som besteforeldre gjerne kan vere med på, og som kjennest ekstra trygg for dei minste, då dei ikkje reiser åleine. Ein fin stad å starte leirkarriera, og få oppleve kvalitetstid i lag 🙂
Pris
Born: 675 kr.
Vaksen: 675 kr.
Medlem i NMSU: 575 kr. (for barn)
Medlemskap i NMSU kostar 50 kr. i kalenderåret januar – desember
I NMSU ønsker vi at flest mogleg born og ungdom skal få moglegheit til å dra på leir. Les meir om ordninga vår her: https://nmsu.no/deltakerstotte/
Program
Lørdag
14.00 Innkvartering
14.30 Bli kjent samling
15.30 Middag
16.30 Familiesamling
17.30 Juleverkstad
19.00 Kveldsmat
20.00 Kveldssamling
21.30 Kveldsstund for vaksne
Søndag
08.00-09.00 Fleksi Frukost
09.30 Familiesamling
10.30 Juleverkstad
12.00 Lunsj
13.00 Leik/fritid/pakking
14.00 Misjonstivoli
15.30 Avslutningsmiddag
Rydd og vask
Ofte stilte spørsmål
Korleis melder eg meg på?
Det korte svaret er: klikk på «Meld deg på her»-knappen øvst på denne sida.
Treng du hjelp til å forstå påmeldinga? Gå gjennom punkta under for detaljert skildring av korleis du melder deg på.
1 – Klikk på «Meld deg på her»-knappen i den grøne firkanten oppe til høgre.
2 – No får du opp eit arrangementsbilete. Ved sida av bilete viser ein knapp «Vidare til påmelding». Trykk der.
3 – Fyll ut påmeldingsskjema med dine val. Når du er ferdig med å fylla ut skjemaet får du tre val.
4 – No kan du halda fram med å melda på fleire (+ legg til deltakarar), Opprett faktura (få betalingsinfo tilsendt på e-post), eller gå til betaling (betala med kort).
NB: Deltakarane er ikkje endeleg påmeldt før ein anten har betalt eller velt faktura på e-post.
5 – Når du er ferdig med å melda på deltakarar går du til betaling der du vel det betalingsmetoden som passar for deg. Du vel mellom kort eller faktura på e-post.
6 – Få stadfestingse-post.
No er du påmeldt.
Fullfører du ikkje påmeldinga (betaler eller vel faktura) forsvinn påmeldinga etter kvart.
Har du framleis spørsmål? Kontakt med arrangementskonsulent Vegar Isachsen: vegari@nmsu.no / 51516130
___________________________________________________________________________________________
Korleis får eg medlemsrabatten?
Du må vera betalande enkeltmedlem i NMSU for å få rabatten.
1 Er du allereie medlem må du huka av for «Er medlem» inne på påmeldinga. Har du ikkje ein aktiv medlemskap vil du ikkje kunna huka av for «er medlem».
Medlemskontingenten må betalast ein gong i året. Har du ikkje betalt medlemskapen ved den første leirpåmeldinga i år har du kanskje allereie fått medlemskontingenten tilsendt på SMS eller mobil. Viss ikkje vil du få tilsendt medlemsgiroen, og eventuelle betalingspåminning(r) på medlemsgiro på eit seinare tidspunkt.
2 Er du ikkje medlem frå før, men vil bli det? Då huker du av for «Bli medlem». Då vil medlemskontingenten bli lagd på sluttsummen, samtidig som medlemsrabatten blir trekt frå.
__________________________________________________________________________________________
Avmelding rett før leirstart
Melder du deg på ein leir i regi av NMSU har du godteke betalingsvilkåra våre. Melder du deg av dagen før, eller same dag som leiren startar kan NMSU dessverre ikkje refundera innbetalt deltakaravgift. Det handlar om utgifter me allereie har på deltakaren. Unntaket er viss du er sjuk og kan levera legeattest, då refunderer me heile beløpet.
Blir du sjuk dagen før, eller same dag som leiren startar, og NMSU av den grunn ikkje kan refundera deltakaravgifta kan du sjekka om du får beløpet refundert gjennom din eller reiseforsikringa til føresette.
Leir i NMSU
Alle leirer i NMSU skal fyrst og fremst vere prega av våre leirverdiar:
1. Inkluderande fellesskap
2. Trygge rammer
3. Glede/leik
4. Aktivitetar som bidreg til vekst i kristen tru
5. Aktivitetar som bidreg til eit globalt perspektiv
Saman med flotte ungdomsleiarar kombinerer vi leik og moro med bibelsamlingar, song og misjonsglimt. Vi ynskjer å leggje til rette for at deltakarane skal få eit globalt perspektiv og at dei vert engasjerte til å dele tru, tid, ting og talent.
Kjeldsund på Gurskøy i Herøy kommune er ei historisk perle i den Sunnmørske skjærgården, med ei koselig peisestue, gapahuk, zipline, reier, trampoliner, frisbeegolfbane, og mange kanoar som vi kan utforske området med. Om sommaren er det gode bademoglegheiter på leirstaden, og om vinteren tek vi i bruk kreativiteten, vi spelar spel eller har turneringar på aktivitetsrommet, og varmar oss rundt bålet. I løpet av en leir på Kjeldsund håper vi deltakerne får treffe gamle vennar, bygge nye vennskap, og få gode minne for livet.